Ord til ettertanke 11.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 11.søndag i treeiningstida.

Tekst: 2 Mos 20,1-17

«Skal og skal ikkje»

Fridom er boda sin intensjon. Dei lagar ei ramme. Innanfor denne ramma kan folket leve saman med sin Gud og med kvarandre i gode, frie liv. Slaveriet i Egypt skulle ikkje erstattast med ei ny tvangstrøye av guddommelege påbod og forbod.

Vi snakkar om kor viktig det er med gode rammer for borna sin oppvekst. Slike rammer er eit vern, ikkje tvang. Dei er der for å ta vare på livet, ikkje øydelegge det.

Dei ti boda er ei slik god ramme for våre liv. Innanfor denne ramma har vi fridom til å leve og utvikle oss utan at det går utover eige eller andre sitt menneskeverd.

Men for å leve godt med boda, må vi fylgje intensjonen, ikkje berre bokstaven. Det gjer Jesus når han i bergpreika skjerpar det femte og det sjette bodet og når han seier at det er viktigare å gjere godt enn å halde sabbatsbodet til punkt og prikke.

Mennesket er viktigare enn boda som vart til for mennesket si skuld. Det er kjærleik som er motivasjonen bak boda, slik vi og kan tenke oss det er når foreldre fortel borna sine kva dei skal og ikkje skal gjere.

Lova var ei guddommeleg gåve som skulle vise israelsfolket kva det innebar å høyre Gud til. Men folket sin ulydnad gjorde lova meir eller mindre makteslaus, og Gud gir ein ny lovnad. Denne gongen vil han ikkje skrive på steintavler: «Eg legg mi lov i sinnet deira og skriv henne i hjartet deira» (Jer 31,33) Då er det ikkje lenger nokon motsetnad mellom bod og fridom. Rettferda kjem innanfrå. I Kristus vinn vi siger over synd og død, ikkje med vår evne til å leve ulastelege liv, men fordi hans rettferd vinn.

Å, kom, vår Skaper, vi vil ta imot deg,

slik du er kommet til oss i din Sønn.

Kom, gjenreis alt som brast da vi forlot deg,

kom, vær vår frihet, Gud, det er vår bønn!

(Hans-Olav Mørk, N13 nr.648 vers 4)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake