På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 4.søndag i treeiningstida.
Tekst: Matt 16,24-27
«Å seie ja og å seie nei»
Å følge etter Jesus er å leve i samfunn med Han, ikkje å på eiga hand eller i eiga kraft kunne halde Hans bod. Jesus kjem med noko nytt inn i livet vårt, noko som utvidar perspektiv og handlingsrom og set oss frie til å følge Han.
På den eine sida seier Jesus i teksten vår at det å følge Han inneber å måtte seie nei til oss sjølve. På den andre sida er Jesus den som i evangeliet seier eit rungande ja til mennesket. Det var nettopp dette ja som kosta Han livet. Vil vi følge etter Jesus kan eit slikt ja komme til å koste også for oss.
Det finst ulike sider og krefter i mennesket sin natur. Vi har vår syndige natur der vi er innkrøkt i oss sjølve. Denne indre «spasmen» kan i Guds hender opne seg mot verda og Gud. Vi skal ikkje spele på lag med synda i oss, men seie nei til henne ved å la Guds Ande få komme til med lys og varme. Då kan vi sleppe det vi ber på i våre knytta hender. Vi kan seie nei til det i oss sjølve vi ikkje treng lenger.
Med dei ledige hendene kan vi ta opp krossen vår. Krossen vår er den lidinga Gud tillet at vi ber gjennom livet. I vårt samfunn er vi livredde for liding, og vi skal sjølvsagt unngå henne om vi kan, men å tru at vi kan gå fri er manglande realisme. Jesus måtte lide, og vi må lide. Jesu kross bar som frukt lovnad om frelse og nytt liv. Vår liding kan og bere frukt.
Den delen av oss som må takast vare på og som vi må gi så gode vilkår som mogleg er sjela vår. Vi har dette uforgjengelege og verdifulle i oss. Det er det inste i oss. Det er det i oss som kommuniserar med Gud.
Så la oss ta opp livet vårt
med lidinga som høyrer til
og leve det
ikkje vike unna
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.