På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 3.søndag i treeiningstida.
Tekst: Joh 1,35-51
«Å vere læresvein»
Eg tykkjer at denne forteljinga om korleis Jesus kallar dei første læresveinane sine er svært vakker.
Dei to første vi høyrer om er Johannes sine læresveinar som fylgjer etter Jesus på grunn av Johannes sitt vitnesbyrd: «Sjå, Guds lam!» eller som det heiter i avsnittet før: «Sjå, Guds lam som ber bort synda i verda!» Kven vil ikkje fylgje etter han som har makt til å gjere det av med synda si makt? I Johannes første brev finn vi den samme bodskapen: «Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.» Vi er hjå Jesus fordi han ber bort synda vår.
Dei to som først fylgde etter Jesus og fekk sjå kvar han budde, «vart verande hos han den dagen». Ein læresvein blir hjå meisteren sin. Vi tenkjer kanskje at ein spesiell dag i veka eller ei spesiell tid på dagen høyrer Gud til og høver for bøn og tankar om Gud, men som læresvein deler du heile livet, kvardag og helg med meisteren. Jesus innbyr til fellesskap. Å fylgje han er å seie ja til dette samværet meir enn det å kunne oppfylle moglege og umoglege krav.
Ein læresvein får nytt namn og ny identitet. Simon Johannesson vart Kefas (Peter) – klippen. Jesus såg kva som budde i Simon på godt og vondt, og han visste kva han sjølv kunne gjere for Simon. Han visste at mot alle odds skulle Peter bli ein klippe. Jesus hevdar sin rett til å definere oss tvert imot våre eigne sjølvdefinisjonar. Han vil vere den som gir oss namn, ikkje vi sjølve eller andre menneske. Hans blikk på oss avslører vår eigentlege identitet.
«Men eg blir alltid verande hos deg,
du har gripe mi høgre hand.
Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du imot meg
i herlegdom.» (Salme 73, 23-24)
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.