Ord til ettertanke 2.søndag i treeiningstida


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 2.søndag i treeiningstida.

 

Tekst: Joh 3,26-30             

«Den som har brura, er brudgom»

Gler du deg når nokon lukkast med sine gåver? Heiar du på dei, eller finn du grunnar til å kritisere og halde nede? Kjenner du deg truga av at dei du samanliknar deg med skin med eit sterkare lys?

I forteljinga om Kain og Abel i Første Mosebok samanliknar Kain sitt og Abel sitt offerbål. Røyken frå Abel sitt bål stig rett opp medan hans eigen offerrøyk berre la seg langs bakken. Det er kanskje ingen ting som kan gjere oss så sjalu som når det ser ut som om Gud foretrekker den andre framfor oss. Heldigvis kan den ballen leggast død. Gud gjer ikkje skilnad på folk. Men Kain visste ikkje det. Han hadde enno ikkje møtt Guds kjærleik på ein så overtydande måte at han slapp å samanlikne seg med bror sin.

Johannes sine læresveinar var uroa av Jesus sin suksess. Men Johannes sjølv visste kva som var si rolle og var trygg i den. Hans oppgåve var å peike på Jesus, og etter kvart som Jesus stod klarare fram kom han sjølv i bakgrunnen. Jesus var ei oppstigande sol, Johannes ei fallande stjerne.

F.W. Bugge skriv om Johannes i ein kommentar frå 1893: «han verken kan eller vil – om han kunde – gjøre sig til Andet og Mere, end hvad han er etter Guds Villie og hans Kalds Bestemmelse.»

Utfordringa til oss er å gle oss over andre sine gåver og at dei lukkast i gjerninga si med desse gåvene. Vi blir utfordra til å heie fram heller enn å konkurrere. Vi skal gi kvarandre rom til å vekse i staden for å ville ta opp heile plassen sjølve.

Å vere liten

er sterkt undervurdert

Å vere liten er ein skatt

Der kan du vere heilt deg sjølv

utan å gjere deg større og bedre

og meire og heilare

enn du er

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake