Ord til ettertanke på pinsedagen


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til pinsedagen.

Tekst: Joh 14,15-21

«Forventning»

Kva ventar eg meg av Den heilage ande? Kva ventar eg at han skal gjere for meg, i meg og med meg? Eg har eit treledda svar på dette denne pinsa.

For det fyrste ventar eg av Den heilage Ande at han skal opplyse meg, at han skal vise meg klårare kven Gud er, kven Kristus er, kven eg sjølv er og kven mine medmenneske er. Eg treng å forstå meir av livet, og aller helst lære å sjå med Guds auge på det som møter meg: lære å sjå det Gud ser, og slik Gud ser.

Det andre eg vonar at Anden skal gjere er å mjuke opp hjarta mitt. På engelsk talar vi om å ha ein «soft spot» for nokon. På norsk seier vi at vi er svake for noko eller nokon. Eg vonar at Anden skal gjere hjartet mitt mjukare over det heile, ikkje berre i ein «soft spot». Då kan eg le med dei som ler og gråte med dei som gret. Esekiel formidla ein vakker lovnad til israelsfolket: «Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden.»

For det tredje ynskjer eg at Den heilage ande skal sette meg i rørsle, at eg lettere skal reise meg or stolen og gjere noko for nesten min, at innsikt og kjærleik skal omsettast i handling.

Dette er prosessar som varer livet ut. Vi går med ørsmå steg, og nokre gonger synest det som om vi tek eit langt steg attende. Det kan virke som om vi går på ein kronglete veg i staden for rett fram. Men det er dette eg vonar og ventar skal skje.

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje –

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.                                  

(Olav H. Hauge)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake