Ord til ettertanke søndag før pinse


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til søndag før pinse.

Tekst: Apg 26,1-3.20-29

«Lys»

Det finst lys som ikkje kjem frå sol, måne eller stjerner. Paulus såg dette lyset på veg til Damaskus, og frå inne i dette lyset lydde røysta frå den oppstadne: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.»

I Johannes sitt særeigne juleevangelium lyder det: «Det sanne lyset som lyser for kvart menneske kom no til verda.» (Joh 1,9) Og i vår tekst står det om Jesus at han etter oppstoda skal «forkynne lyset».

Det sanne lyset, det er det som opplyser sjel og sinn. Det er det som driv bort eit indre mørker. For å kunne sjå og leve i sanninga, treng vi dette indre lyset. Lyset som strålar i Kristi andlet og som vi velsignar kvarandre med når vi seier: «Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig».

På livsvegen vi skal gå treng vi lyset frå han som går ved vår side og veit vegen. Lyset finn vi i dei orda han talar til oss og i Anden han sender.

Også i våre hjarte kan lyset skine: «For Gud som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.» (2 Kor 4,6)

Jesus seier: «Tru på lyset så lenge de har lyset så de kan bli born av lyset».     (Joh 12,36).

Når eg ved døypefonten møter blikket til det få månader gamle barnet er det ikkje vanskeleg å merke Guds lys. Noko tilslørte blir vi etter kvart, men bak blikket ditt bor framleis gudsnærværet, eit nærvær vi skal ta vare på og sette pris på hjå kvarandre.

Ett er nødvendig

Ett er nødvendig – her

i denne vår vanskelige verden

av husville og heimløse:

 

Å ta bolig i seg selv

 

Gå inn i mørket

og pusse sotet av lampen.

 

Slik at mennesker på veiene

kan skimte lys

i dine bebodde øyne

(Hans Børli. Vindharpe.1974)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake