Borgund menighet > Vis


Global solidaritetsaksjon


Borgund menighet er med i Global Solidaritetsaksjon for søsterkyrkjer og partnarar som er særleg ramma av pandemien.

Koronapandemien har ramma kvart einaste hjørne av verda og det går ut over dei veldig mange landa med svakare økonomi enn vi har i Noreg.

https://kirken.no/globalassets/bispedommer/more/fotos%202020/misjon/foto%20misjonsorganisasjonane.pngDen Norske Kyrkje ønsker å gjere noko med det. Vi er derfor invitert til å delta i ei ekstraordinær innsamlingsaksjon til søsterkyrkjer og partnarar som er særleg ramma av pandemien. Initiativet til denne aksjonen kjem frå ulike bispedøme i Noreg, i samarbeid med dei sju organisasjonane som er med i SMM –
Samarbeid menighet og misjon. kirken.no/SMM

I dette året også vil Møre biskop og bispedømmeråd utfordre kyrkjelydane i Møre til solidaritet ved å støtte dei misjonspartnarar dei allereie har.

Borgund menighet har misjonsavtale med HimalPartner og vil støtte dei spesielt no.

Du kan bidra med ei gåve på vipps eller bankkonto: 

Vipps 123643 HimalPartner -- merk «Gi Jernet»   

Kontonr.  3910 57 01962   HimalPartner merk: «Gi Jernet» 


Saman som kyrkje i heile verda
Møre bispedømme – misjonssolidaritet under korona-pandemien

Tilbake