På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til 6.søndag i påsketida.
Tekst: Matt 7,7-12
«Bøn»
Bøn er å vere inntil Gud med den vi er. Gud høyrer og ser ikkje berre det vi seier og gjer, men den vi er.
Bøn er å kvile trygt i Guds faderhand, men også å rope til han i vår naud.
Bøn er å oppdage og kjenne Guds hjarte og miskunn, men også å måtte leite og søke etter hans lys på mørke stader.
Vi slepp å foreskrive Gud kva han skal gjere. Han veit så uendeleg mykje betre enn oss kva vi treng, kva som tener hans plan og korleis han best kan hjelpe oss på den vegen vi uansett må gå. Men når stormen rasar blir dei fromme bønene stumme og heile oss blir til eit skrik. Gud rommar dette skriket.
Livet i bøn er rikt og mangfaldig. Det handlar om ei indre orientering mot Gud. Det handlar om å la sinnet vere vendt mot han. Det handlar om å lytte og kjenne etter kva som er Guds vilje. Det handlar om å gå med han ut i kvardagen sine oppgåver og vende attende til ein stille stad når han byr oss si kvile.
Bøn er også å ha omsorg for andre. Når vi ber dei i hjartet og så auser dette hjartet ut for Gud så høyrer han. Våre gode tankar og ynskje for andre menneske ber frukt.
Gud vil at vi skal be. Gud vil at vi skal leite. Gud vil at vi skal banke på. I møte med det som skremmer oss i våre liv og i verda er det lett å tenke at det ikkje nyttar. Kyrkja har bedt om fred i hundrevis av år. Kva kan bøn stille opp mot forureining og Covid 19? Men dette er likevel vegen Gud har bedt oss om å gå. Han legg sine ynskje ned i oss, vi får bere dei fram for han, og kvar på vår måte får vi vere ein del av hans plan.
Velsigninga går gjennom
heile meg
til deg
Kjærleiken kveiker eld
på alle alter i mitt indre
så lekamen logar
i heilage ynskje
om fred og signing
på all di ferd
Kari Kvangarsnes Miller
Du kan lese siste andakt her.