Sommarmeldingsbrev frå Borgund og Ellingsøy


Les sommarmeldingsbrev frå begge sokneprestane våre

 

Meldingsbrev frå Borgund og Ellingsøy  12. juni 2020
Først vil vi fortelle om den store gleda – Ida Marie Weltzin som var i praksis i Borgund før påske har no blitt tilsett som sokneprest i Ellingsøy. Ho startar 31. august og det vert ordinasjon den 6. september på Ellingsøy. Då håper vi å sjå mange både  frå Ellingsøy og Borgund for Ida Marie skal ha tenesteveker begger stader med gravferd og vigsel, samt at ho har gudsteneste i Borgund ein søndag i månaden. Dei to søndagane det er gudsteneste på Ellingsøy er ho der. Ida Marie gjorde ein flott jobb når ho var her og vi i staben er svært glade for at ho blir ein del av fellesskapet vårt! Ho kjem opprinneleg frå Bergen, er gift  og er svært glad i fjella og naturen.

Dette betyr at Reidar Standal går av med pensjon, og vi tar avskjed med han den 23. august kl. 11. Den dagen er det ikkje gudsteneste i Borgund – då vil vi at alle blir med til Ellingsøy og takkar Reidar. Vi er svært takksame for den store og trufaste jobben han har gjort.  Kyrkjekora vil delta.

Det går no mot sommar og truleg får vi ha 200 deltakarar på gudstenester, gravferd og i bryllup frå 15. juni dersom helsestyresmaktene gir klarsignal.  I sommar når alle skal feriere i Norge håper vi at mange vil nytte høvet til å kjøpe seg pilegrimspass og enten vandre eller reise på andre måtar langs kystpilegrimsleia der to av stoppestadane er Giske og Borgund. 24. juni kl. 18 vil det vere opning av pilegrimssesongen med gudsteneste og etterpå vil arkelog Heidi Haugene ta oss med på ei lite vandring frå kyrkja til middelaldermuseet med tema: Pilegrimsmålet Borgund - der vi ser etter spor av dei gamle kyrkjene. Vidare frå 1. juli er det pilegrimsgudsteneste kl. 11 kvar onsdag i skuleferien bortsett frå olsok.  Kyrkja i Borgund vil vere open tirsdag-fredag på dagtid, samt onsdag ettermiddag kl. 16-18 og såklart søndagar 11-14.

Den 29. juli på Olsokdagen vert det den årlege økumeniske gudstenesta i Borgund kl. 18.00 med kor og deltakarar frå fleire kyrkjesamfunn. Dette året må grautserveringa foregå i heimane i staden for etter gudstenesta – då blir det ein liten kaffipause og foredrag ved Merete Thomassen frå Teologisk fakultet: Om bøn og forvaltaransvar.

Det vil ikkje kome fleire fredagsbrev frå oss før etter sommarferien, men ta berre kontakt om du lurer på noko og følg med på heimesidene våre og på facebook. Der vil vi legge ut nye informasjon. God sommar!

Helsing Reidar  - tlf. 90631278 og Kari  –  tlf. 92065380 (sokneprestar)

Tilbake