Meldingsbrev frå Borgund menighet


Kvar veke forfatter sokneprest Kari Vatne eit meldingsbrev. Her finn du brev frå veke 19.

 

«No livnar det i lundar, no lauvast det i li» syng vi i ein salme, og no sprett det både her og der. Vi er også letta over at restriksjonane ikkje lenger er så strenge i samfunnet. Vi får no lov å ha gudsteneste med 50 tilstades fram til 15. juni, og etter det håper vi at kanskje enno fleire kan samlast.
Her i Borgund vert første gudsteneste Kristi himmelfartsdag 21. mai kl. 11 med nattverd, og då er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld – slik at når det er 50 i kyrkja, er det fullt - og  ein må vente til seinare på dag med å kome inn. Kyrkja vil vere open fram til kl. 14 og siste kvarteret les vi dagens tekst og syng ein salme som passar til dagen. 24. mai er det dåpsgudstenester kl. 11 og 12 for dåpsfamiliane, men det er ope frå 12.45 for andre.
Konfirmasjon er tidfesta til 19-20. september her hos oss, og neste konfirmantkull vi ha oppstart 18. oktober med presentasjonsgudsteneste.
Vi vil ut mai ha open kyrkje onsdag 16 – 18 og fredag 15-17. Musikk, lystenning og tid for ettertanke/bøn. Vi ventar på nye reglar for oppstart av andre aktivitetar. Barnehagen er godt i gang med sine faste smågrupper, så det er liv rundt dørene på menighetshuset som ellers er stengt for utleige fram til 15. juni.
Utanom gravferder og dåpsgudstenester prøver vi å rydde litt her på menighetshuset, justere planar og så legge vi ut andakter og ord til ettertanker på heimesida. Diakon Mary skriv spesielt om berekraftsmåla til FN, og så vil vi kome med ei oppfordring om givarteneste etterkvart. For når det ikkje er gudstenester, eller berre få på gudstenester kjem det naturleg nok ikkje inn særleg store offer heller. Så vi er glade for alle som allreie gir fast, og vil utfordre fleire til det. Vipps 106270 eller kontonr.  3910 26 95260
I dag gler vi oss også over at det er 8. mai og takkar for dei 75 åra vi har hatt fridom i landet. 17. mai blir annleis i år,  men kyrkja vil vere open kl. 12-14 med salmar som høver for dagen og tekstar ein kan lese eller høyre lest. 
Neste meldingsbrev kjem 22. mai. 
Helsing Kari Vatne 

Tilbake