Påskehelsing frå soknepresten Kari Vatne


En påskehelsing frå Borgund kyrkje

 

«I stillhet og tillit skal deres styrke være» seier eit bibelord. Denne tida har det verkeleg vore stille i kyrkja, berre avbrote av avslutningsliturgien som vi siste dagane har prøvd ut når vi har open kyrkje og songøving til opptak som vi skal sende. Palmesøndag og 1. påskedag blir det to korte dåpsgudstenester, og så er det open kyrkje. 
Første påskedag vil Kjetil Kvangarsnes samle nokre korsongarar kl. 13 og då syng vi «Påskemorgen slukker sorgen» og «Deg være ære». Du kan vere med i din heim og synge i lag med oss. Ellers blir det fine gudstenester på radio og NRK påskedagane. Ti på ett påskedag vil det bli trompetmusikk frå kyrkjetårnet, så opne vindauget ditt eller gå deg ein tur i Borgundgavlen så høyrer du det. For barnefamiliane har vi laga ein påskesti med postar frå Middelaldermuseet og langs stien over marka til mot Sunnmøre museum. Det siste vi gjer, er at vi legg ut eit hefte som du kan hente langfredag  i postkassa med pilegrimsmerket på ved kyrkja og gå korsvandring på eiga hand. Det er diakon Mary, studenten vår og eg som har laga det. 
Open kyrkje i påska: Palmesøndag 12-13, skjærtorsdag 11-13, langfredag 11-13 og påskedag 13-15. Det blir orgelmusikk, høve til å tenne lys og lese tekstane for dagen. 
Konfirmasjonsdatoer til hausten blir kunngjort 29. april felles for heile kommunen. Neste konfirmantkull starter etter haustferien slik det ser ut no.
Takk til alle som har gitt til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon frå ungdomsprest Christian. I går var det kome inn 38 000 kroner her i Borgund, og du kan framleis gi fram til påskeaftan med sms Vann til 2426, Vipps til 2426 eller på bankkonto 1594 22  87493.
Då vil eg seie: God påske til deg – og ta kontakt viss du treng å snakke med nokon. Takk for forbøn, påskehelsing og tilbakemeldingar på mail!
Neste meldingsbrev kjem fredag etter påske.

Beste helsing frå Kari sokneprest tlf. 92065380

Tilbake