Orgelkonsert med Ivan Sarajishlivi

10.06.2018

Orgelkonsert med Ivan Sarajishlivi

Sommerkonsertane startar med mesterorganist.

Søndag 17. juni spelar Ivan Sarajishvili sommarkonsert på det flotte Markussen-orgelet i Borgund kyrkje.
Sarajishvili er født i Tbilisi i Georgia i 1972.
Han tok kantorutdanning ved Norges Musikkhøgskole og starta deretter som stipendiat ved Hochschule der Künste i Berlin. Etter hovudfagsstudium ved NMH og solistklasse ved Det kgl. Danske Musikkonservatorium, hadde han debutkonsert i Oslo domkirke i 2006. 
Han har hatt kantor- og organiststillingar i Tbilisi, Berlin, Oslo, Gran og er no domorganist i Stavanger . 
Ivan har halde konsertar i Norden, Tyskland, Ungarn, Polen, Tsjekkia, Russland, Spania og Italia. 
På konserten i Borgund spelar han musikk av Bach, Vivaldi, Homilius, Schumann og Couperin.

Borgund kyrkje søndag 17. juni kl. 19.00
Billettar kr. 150,-. Barn og studentar gratis.
Konserten er støtta av Stiftelsen Kjell Holm og Kulturrådet.

Se mindre