Foredrag med Sylfest Lomheim

18.01.2018

Foredrag med Sylfest Lomheim

1. februar 2018 inviterer Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi til

foredrag med Sylfest Lomheim.

Syndfloden og herberget – korleis kom slike feil inn i Bibelen vår?

 

Bibelen er Vestens viktigaste bok og verdas mest omsette og lesne tekstsamling. Bibelen blir aldri uaktuell.

I foredraget kjem Lomheim til å vise korleis ord og uttrykk frå Bibelen overrislar kvardagsspråket vårt – og gjerne langt meir enn vi er klar over.

 

Foredragshaldaren vil òg snakke om kva utfordringar bibelomsetjingar kan by på, og spesielt om den siste bibelomsetjinga som kom i 2011.

Lomheim tok sjølv del i omsetjinga av evangelia.

 

Stad: Spjelkavik kyrkje

Tid: torsdag 1. februar kl. 19.30

 

Sylfest Lomheim (f. 1945 i Sogn) er kjent som språkvitar og som direktør for Språkrådet 2004-2010. Mange vil også kjenne han som deltakar i det populære radioprogrammet Språkteigen i NRK, og frå tv-programmet Typisk norsk.

Lomheim er utdanna filolog og var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike.

Kyrkjeakademiet ser fram til å få besøk av den ettertrakta foredragshaldaren.

 

Spjelkavik kyrkjekor tar del og syng til innleiing.

Fri inngang, kollekt.

 

Velkomen!